Bondebryllup i gamle dager

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Heile bygda var med

 

I  det gamle bondesamfunnet var eit bryllup noko som ikkje bare gjaldt næraste familie og vener, men heile lokalmiljøet. Gardane tilhøyrde gjerne eit eige ”bearlag”, og alle her var naturlege gjester til eit bryllup. Nokre stader i landet var det brudgommen sjølv som fungerte som bearmann, andre stader var det kjømeisteren (toastmasteren) som drog rundt til alle gardane og inviterte til den store hendinga.

Juni og juli var typiske bryllupsmånader også i det gamle bondesamfunnet. Om sommaren hadde ein betre tilgang på god fersk mat, og gjestene kunne losjerast på uthus i gardstunet.
Kjømeisteren var også han som ønska alle gjestene velkomne til gards på den store dagen. Først fekk gjestene enkel bevertning før det bar av stad i samla tropp til kyrkja. Spelemannen spelte for brureparet heile vegen, og ein skaut saluttar med gevær undervegs. Saluttane vart avfyrde for å halde skrømt og onde vetter unna brura som var svært utsett for skade frå onde makter før dei endeleg nådde fram til kyrkja.

Når dei kom heim frå kyrkja var det tid for festmåltidet. Utpå kvelden var det brurevals. Brura var kledd opp i full brurestas med all den prakt garden og slekta kunne vise. Brurekrona var dessutan eit teikn på jomfrudom og reinskap.

Det vart dansa mykje i norske bryllup. Om sommaren kunne dansen finna stad på låven, i ei sjøbu, på tunet eller ein annan eigna stad. Frå tidleg kveld til soloppgang kunne enkelte halde det gåande på dansegolvet.
Bryllup var like dyrt før som nå. Dette løyste bondesamfunnet på ein av to måtar: Skålebryllup, her la gjestene pengar i ei skål kjømeisteren gjekk rundt med. Det vart gitt pengar både til vertskap og brurepar. Sendingsbryllup betydde at gjestene bidrog ved å sende ein kurv med mat på førehand.

 

Brureparet trakk seg ofte tilbake ganske tidleg. Det var også då vanleg at brura fekk morgongåve av brudgomen dagen etter. Gåva skulle vere personleg, kun tilhøyre henne og ikkje forvaltast fritt av ektemannen slik resten av hennar gods og eigedom kunne. I seinare tid var det vanleg å gi eit smykke eller ei sølvskje, men i riktig gamle dagar kunne gåva ha ein mykje større økonomisk verdi.

Eit skikkeleg bondebryllup varte i tre heile dagar. Men det er også døme på bryllup som varte i fem dagar. Dette var eit teikn på velstand og var vanleg skikk heilt opp til 1900-tallet. Det var viktig at festen vart avslutta før søndagen. I løpet av desse dagene vart det servert mykje god mat og drikke. Siste måltid kunne ofte vere “jagesuppe”, ei enkel suppe av melk som signaliserte at bryllupet var over. Mange venta i det lengste med å servere denne suppa.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bomme

til oppbevaring av brudekronen.
Lagget og med vidjebånd, delvis rosemalt og med årstall 1857.

Høyde: 42, diameter: 43

 

 

 

Brudekrone

Forgylt sølv.
Mester Niels Andreas Wilhelmsen, Bergen 1851.
Sammensatt av 8 utstansete ledd,
hvert ledd med krone på toppen
og fuglefigur med løv i nebbet.
Rikt dekorert med filigranskåler og løv.
Høyde: 20, diameter: 30

 

 

 

Tilbehør

Agnus Dei (dalakjede)
Forgylt sølv med filigransarbeid.
Mester Niels Andreas Wilhelmsen, Bergen 1850.
Henger i sølv flatlenke.

Bringeduk
med 2 store, forgylte sølv filigransøljer og 13 ulike mindre søljer.
Silkebånd, sølvtråd og blonder langs kanten.

Belte
med 15 forgylte støler og 4 spenner. 1800-tallet

Hodebånd 
med 13 forgylte søljer med røde glasstener samt 2 påhengte mynter

5 sammensydde silkebånd